Vi tilbyr kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon med berekraft som grunnpilar

Kontakt oss

Utvalde Prosjekt

Vår systematiske tilnærming sikrar at du får konkrete resultat ut av forsking og utviklingsaktivitet, som kan implementarast i drift.

Pilotanlegg Bulandet Miljøfisk

Bulandet Miljøfisk har fått fem konsesjonar for landbasert oppdrett av laks og aure i Bulandet. Gründerselskapet er godt i gang med anleggsarbeidet og i dette prosjektet bidreg Akvahub med prosjektering og med forsking- og utviklingsleiing. Her er mykje nybrotsarbeid og saman med UiB skal vi dokumentere produksjonen i ein 3-årig pilotfase.

Tarelaks

Sulefisk AS, Osland Havbruk AS og Engesund Fiskeoppdrett AS samarbeider om eit prosjekt som heiter Tarelaks. I dette prosjektet er vi prosjektleiar og praktisk utførar med tanke på røkting av tareanlegget, prøvetaking og koordinering med Møreforsking. Prosjektet omhandlar å dyrke tare i nærheita av oppdrettsanlegg, også kalla Integrert Multitrofisk Akvakultur (IMTA), for å studere effektane desse to artane kan ha på kvarandre.

Kompetanseløft RAS-teknologi

Akvahub er prosjektleiar på vegne av NCE Seafood Innovation Cluster som held til på Marineholmen i Bergen. Prosjektet omhandlar å legge tilrette for kompetanseheving innan RAS-teknologi på VGS, fagskule og etter- og vidareutdanningsnivå.s.

Nettverk for lukka oppdrettsteknologi

Fleire aktørar ser på lukka oppdrettsteknologi som ei av løysingane på miljøutfordringane i næringa. Ved å dele utfordringar og samarbeide om tekniske løysingar kan utviklingsprosessen gå raskare. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har derfor utfordra og finansiert Akvahub til å skape ein møteplass for desse aktørane. Ta kontakt for meir informasjon om neste samling!

Om Akvahub

Vi tilbyr våre eigarar og samarbeidspartnarar kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon med berekraft som grunnpillar. Vi tek hand om dine FoU-prosjekt frå ide via prosjekt til implementering i drift.

01

Identifisere

Akvahub skal bidra til å utløyse utviklingspotensial ved å identifisere nyskapande moglegheiter hos eigarar og samarbeidspartnarar. Vi har open dør for gode idear.

02

Organisere

Akvahub skal organisere utviklingsprosjekt og  kople eigarar og samarbeidspartnarar med rette partnarar og bidra til skaffe prosjektfinansering. 

03

Utføre

Akvahub kan leie utviklingsprosjektet eller bidra inn i prosjektet med spisskompetansen som til ein kvar tid er tilgjengeleg i organisasjonen.

Våre eigarar og støttespelarar

Våre eigarar består av oppdrettarar, serviceleverandørar og tenesteytarar. Vi jobbar på tvers av verdikjeda i havbruk og har open dør for nye selskap med berekraft i fokus. 

Kontakt oss

Kom gjerne innom for ein kopp kaffi om du ynskjer å diskutere havbruksrelaterte tema. Vi sparrar gjerne på idear om bærekraftig havbruk.

Hovudkontor

Leirvik 64
6953 Leirvik i Sogn, Norway

Avdelingskontor

Thormøhlensgate 41B
5006 Bergen, Norway

Kontakt oss

+47 970 86 259
post@akvahub.no

Følg oss

TRYGVE HALLBERG

Dagleg leiar

Mobil: +47 470 38 138
Epost: th@akvahub.no

CHRISTIAN VIK

Prosjektleiar

Mobil: +47 906 19 405
Epost: cv@akvahub.no

MAGDALENA SWAT

Prosjektleiar

Mobil: +47 400 51 242
Epost: ms@akvahub.no

Akvahub AS

Akvahub AS - avdeling Marineholmen