Multivolt får støtte til å kartlegge potensial for elektrifisering av havbrukslokalitetar
Multivolt AS har fått innvilga støtte på 300.000 kr frå Marint Verdiskapingsfond til å kartlegge miljø-, klima- og økonomisk potensiale i å etablere landstraum for havbrukslokalitetar i Sogn og Fjordane.
Prosjektet skal utførast i samarbeid med forsking- og utviklingsavdelinga Akvahub AS der Multivolt er ein av eigarane. Lokalitetane som deltek i kartlegginga vil få utarbeidd ein rapport som syner potensial og investeringskostnadar ved tilknyting til-, eller oppgradering av landstraumtilførsel.
Vi ynskjer å legge til rette for at oppdrettslokalitetane i Sogn og Fjordane blir dei første i landet som blir fullelektrifisert med fornybar energi frå land. Lokalitetane som ynskjer å få kartlagt potensialet sitt har no ein gylden moglegheit til å få konkrete tal på bordet mot ein svært låg eigenandel, seier Tore Bråstad, dagleg leiar i Multivolt AS
Ein rapport frå Bellona og ABB syner at elektrifisering av havbruksnæringa kan bidra til kutt av klimagassar på opp mot 300 000 tonn CO2. Elektrifiseringsprosjektet til Multivolt skal omsetje dette til kva det betyr for den enkelte lokalitet i Sogn og Fjordane.
Vi håpar at flest mogeleg nyttar denne anledninga til å få kartlagt framtidige energibehov og synleggjort potensialet som ligg i landstraum. Saman med Multivolt og oppdrettarane i Sogn og Fjordane gjev dette oss ei flott anledning til å skape ei endå meir berekraftig utvikling av havbruksnæring, sier Christian Hatlem Skår, prosjektleiar i Akvahub AS
For deltaking i prosjektet oppfordar ein til å kontakte prosjektleiar i Akvahub, Christian Vik.
CHRISTIAN VIK
Prosjektleiar
Mobil: +47 906 19 405
Epost: cv@akvahub.no