Akvahub auka omsetnaden med 76 prosent: – Har gått etter planen

Tilsette i akvahub as

August 24, 2020

Akvahub auka omsetnaden med 76 prosent: – Har gått etter planen

Artikkelen er opprinneleg publisert på firda.no

Akvahub i Hyllestad landa fleire store prosjekt i fjor, og det syner att på resultata.

– Det har jo gått etter planen då, seier Asbjørn Dyrkorn Løland.

Han er dagleg leiar i Akvahub AS, som held til i Leirvik. Selskapet vart stifta i 2016 av seks ulike selskap med tilknyting til havbruksnæringa. To år seinare flytta Dyrkorn Løland heim for å bygge Akvahub opp til eit kompetansesenter for havbruk.

– Vi la oss ein plan då vi starta opp i 2016, og vi er akkurat der vi skal vere etter den planen. Det er veldig kjekt at vi har nådd måla vi har sett oss, seier Løland.

I fjor hadde selskapet ei auke i omsetnaden på heile 76 prosent, frå 1,5 millionar i 2018 til 2,6 millionar i 2019.

– Grunnen til dette er mellom anna oppstart av pilotprosjektet med Bulandet miljøfisk og at vi fekk jobben med Tarelaks. Dette var hovudprosjekta i fjor haust, seier han.

Les heile saken her: https://www.firda.no/akvahub-auka-omsetnaden-med-76-prosent-har-gatt-etter-planen/s/5-15-1031618

Kanskje du også vil lese…

Status i Seaweed Pilot

Status i Seaweed Pilot

Status i Seaweed Pilot Første utsett med dei splitter nye pilotanlegga er gjennomført og kyst.no...

Ny prosjektleiar i Akvahub

Ny prosjektleiar i Akvahub

Ny prosjektleiar i Akvahub Trygve Hallberg (31) er tilsett som prosjektleiar i Akvahub. Han kjem...