Ny prosjektleiar i Akvahub
Trygve Hallberg (31) er tilsett som prosjektleiar i Akvahub. Han kjem til nyoppussa kontorlokale i Leirvik i Sogn der han skal dele arbeidsstad med resten av teamet i Akvahub, samt Bulandet Miljøfisk, Akvavet Gulen og BKK Enotek.
Trygve er utdanna havbruksbiolog frå Universitetet i Bergen og vil tilføre Akvahub praktisk erfaring frå drift, behandling og produksjonsplanlegging av laks, aure og rensefisk. Han har arbeidd både på merdkanten, i administrasjonen og på laben i ulike selskap i havbruksnæringa.
I Nordfjord, hos K. Strømmen Lakseoppdrett arbeidde han med produksjonsleiing, biologi og fiskehelserelatert arbeidd.
Eg er veldig glad i det analytiske arbeidet, det å finne svar på utfordringar ved å gå strukturert til verks. Samstundes veit eg kva det er å vere på merdkanten, og det er forskjell på akademia og det praktiske liv. Akvahub si systematiske tilnærming skal sikre at eigarane får konkrete resultat ut av forsking og utviklingsaktivitet, og at dei kan implementerast i drifta. Dette gler eg meg skikkeleg til å byrje å arbeide med.
Trygve Hallberg
Som student tok han og nokre medstudentar initiativ til å starte ei entreprenør- og innovasjonsgruppe for andre studentar med interesse for havbrukssektoren.
Trygve passa perfekt til den profilen eg var på jakt etter no! Med ei god blanding av entreprenørskap, praktisk driftserfaring og biologisk fagkunnskap går han rett inn i kjerna av der Akvahub skal vere, i overgangen mellom biologi og ny berekraftig teknologi. Våre eigarar og samarbeidspartnarar er alt frå nystarta gründerar til veletablerte store selskap. Felles for dei er behovet for nettverk og kompetanse innan forsking og utvikling og det er dette vi i Akvahub tilbyr.
Asbjørn Dyrkorn Løland, dagleg leiar Akvahub
Etter tida i K. Strømmen Lakseoppdrett bar det vidare innom Lerøy som behandlingsbiolog og til Mowi som assisterande driftsleiar, og i studietida hadde han også deltidsarbeid i Quantidoc.
Med sin biologiske og praktiske kompetanse går Trygve rett inn i prosjekt som mellom anna omfattar produksjon av matfisk og postsmolt i landbaserte anlegg. I dette ligg det også arbeid med sirkulærøkonomisk utnytting av avløp frå slike anlegg.
Akvahub tilbyr sine eigarar og samarbeidspartnarar kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon med berekraft som grunnpillar. Vi tek hand om dine FoU-prosjekt frå ide, via prosjekt, til implementering i drift. Vi forenklar forsking og utvikling for havbruksrelaterte verksemder.