Seaweed Pilot – eit nytt prosjekt i Akvahub
Artikkelen er opprinneleg publisert på nrk.no
HYLLESTAD (NRK): Tarerevolusjonen har blitt varsla i fleire år. Kva er det som dryger? Fleire stader i landet prøver forskarar å knekke koden.
– Det blir litt som lotto, du må berre prøve å dyrke der det er ledig areal, fortel dagleg leiar i Akvahub, Asbjørn Dyrkorn Løland.
Det er vanskeleg å finne stader som gjev jamt gode vekstforhold år etter år. Selskapet Akvahub og samarbeidspartnarar har fått midlar til å forske på tareoppdrett.
Kva skal vi med tare?
Matproduksjonen må bli både effektiv og berekraftig i takt med ei veksande verdsbefolkning. Ei av løysingane kan vere taredyrking. Men det er kanskje ikkje mange av oss som ser for seg å ha tare på middagsbordet.
Forskarane har derimot store forhåpningar til kva tare kan brukast til i framtida
– Tare inneheld viktige mineral, antioksidantar og vitamin og vil garantert bli ein viktig del av framtidas kosthald, seier Asbjørn Dyrkorn Løland.
Les heile saken her: https://www.nrk.no/vestland/tareoppdrett-skal-bli-milliardindustri-1.15146524
Høyr radiointervju her: https://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-sogn-og-fjordane/sesong/202009/DKSF01017120?fbclid=IwAR1Ay-dGCW64wt5AZf6DuMAGdASPA19G77oPisco73Bf8JeWX7XvPhJlsVs#t=1h6m3s