Nye medeigarar i Akvahub!
Finio AS og Sulefisk AS går inn på eigarsida i den felles forskings- og utviklingsavdelinga Akvahub AS. Utvidinga medfører at dei andre eigarane i selskapet no får med seg eit spennande servicesenter i vekst og ein svært innovativ oppdrettar på laget.
Finio AS driv slipp på Sørbøvåg, og hadde i 2018 ei omsetjing på 7,1 MNOK og eit driftsresultat før skatt på 1,9 MNOK med 3 tilsette. Verksemda tilbyr slipp for utrusting, vedlikehald og service på båtar og flåtar for oppdrettsnæringa. I 2019 har dei auka bemanninga og dei er no i dialog med nye samarbeidspartnarar som kan vere på veg inn i servicesenteret på Sørbøvåg.
I Akvahub sitt nettverk finn vi no ei samling av bedrifter med stor breidde og høg kompetanse innan havbruk. Vi er inne i ein fase med sterk vekst og då ser vi store fordelar ved å vere tilknytt ei slik kompetansegruppe. Vi ynskjer å bruke Akvahub sin kompetanse og nettverk inn i kommande utviklingsprosjekt her hos oss.
Fred Åge Hyllestad, dagleg leiar i Finio AS
Sulefisk AS, som driv med oppdrett av matfisk i Solund, hadde i 2018 ei omsetjing på 197,1 MNOK og eit driftsresultat før skatt på 56,1 MNOK med sine 13 tilsette. I tillegg til å vere pioner innan bruk av lukka oppdrettsmerd i sjø var Sulefisk først ut med luselaser og har til ein kvar tid fleire nyvinningar under testing i anlegga sine.
Sulefisk ynskjer å vere ei innovativ og uredd verksemd med framtidsretta fokus på forsking og utvikling i havbruksnæringa. Gjennom Akvahub ser vi utvida moglegheiter til vidare arbeid knytt til fleire av våre utviklingsprosjekt. Sulefisk ser fram til eit godt og målretta samarbeid med Akvahub og nettverket det representerer.
Michael Niesar, dagleg leiar i Sulefisk AS
Akvahub har ein visjon om å vere ei drivande kraft for ei felles, berekraftig utvikling av havbruksnæringa. Selskapet tilbyr eigarane kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon. Ei felles FoU-avdeling er ein ressurseffektiv måte å mogleggjere innovasjon i små og mellomstore bedrifter.
Det er med stor glede at vi no får høve å bidra til å vidareutvikle to svært spennande verksemder i Finio og Sulefisk. Begge verksemdene har definert tydelege område som Akvahub kan bistå dei i å utvikle og dei kjem inn med kompetanse og moglegheiter som eg veit fleire av eigarane har etterspurt i det siste. Med eit veksande, ungt verft og ein innovativ oppdrettar på laget vert dei neste åra meget interessante.
Asbjørn Dyrkorn Løland, dagleg leiar i Akvahub AS