Partnarskapsavtale med Vestland Fylkeskommune

Partnarskap

Vestland fylkeskommune og Akvahub AS skal samarbeide om å styrke det regionale næringsutviklingsarbeidet knytt til å nå strategisk viktige mål i Vestland fylkeskommune sitt utkast til Regional planstrategi for vidare arbeid med næringsutvikling, Entreprenørskap og nyskaping, Kompetanse og karriere, Naturressursar – forvalting og næringsutvikling, samt Forsking for styrka innovasjonsevne.

Målsetjing

Samarbeidsavtalen skal medverke til å realisere mål og strategiar for næringsutvikling knytt til entreprenørskap og nyskaping, kompetanse og karriere, naturressursar – forvalting og næringsutvikling samt forsking for styrka innovasjonsevne slik dette er formulert i gjeldande regionale planar, med særleg vekt på innsatsområda i Handlingsplan for innovasjon og næring i Vestland (HNV).