Seaweed Pilot

Om prosjektet

 

Seaweed Pilot er eit felles prosjekt med aktørar innan taredyrking i Nord-Atlanteren med fokus på FNs berekrafttsmål, og særleg mål 17: Samarbeid for å nå måla. Kysten fleire stadar i Nordatlanteren er full av tang og tare. Dette har eit potensial for å dyrkast i større mengder enn i dag. Prosjektet skal gjennom å etablere ein oppstartspakke med verktøy og metodar, finne ut korleis ulike nordatlantiske områder egner seg for dyrking av forskjellige typar nordatlantiske makroalgar. Verktøya skal kunne brukast av alle som ynskjer å starte opp med dyrking av ulike arter tare i Norden, både offentleg sektor gjennom i reguleringsarbeidet og privat sektor i leitearbeidet. Ambisjonen er å leggje til rette for å utvikle ein blå og berekraftig tarenæring i Nordatlanten.

 Les meir:

https://nora.fo/projects/project/231

https://www.nrk.no/vestland/tareoppdrett-skal-bli-milliardindustri-1.15146524

 

Prosjektleiing

Seaweed Pilot er eit Akvahub initiativ, og saman med prosjekteigar Seaweed AS, har vi vore med heilt i frå starten med å utforme idear og prosjektmål. I dette prosjektet er vi prosjektleiar med ansvar for framdrift og rapportering, men har også fagleg ansvar for å utføre aktivitetane i prosjektet som omhandlar design og utvikling av pilotanlegget, datainnsamling og analyse, sluttrapportering og utarbeide pakkeløysing med protokollar som kan nyttast av aktørar innan taredyrking.

Finansiering

Prosjektet er finansiert av NORA, Nordisk Atlantsamarbeide si prosjektstøtteordning og VLFK, Vestland Fylkeskommune si støtte til Innovasjon og næringsutvikling.

Partnarar

Nordic Kelp ehf v/Oddur Runarsson (IS)
Innovation South Greenland A/S v/Allan Chemnitz (GL)
Seaweed AS v/Audun Oddekalv (NO)
Seaweed Farming Scotland Ltd v/Lawrie Stove (SCO)