Hyllestad Næringsutvikling 2022 -2023

Hyllestad kommune er i gang med eit omfattande prosjekt for å løfte næringslivet i kommunen og regionen rundt. I 2022 vil det verte gjennomført konkrete samlingar for å identifisere aktivitetar, idear og nye samarbeid som kan auke verdiskapinga i di bedrift.

Har du eit ynskje om å auke verdiskapinga i di bedrift innan området havbruk, maritim eller fornybar energi so er dette eit program du bør få med deg.

Vi håpar at flest mogeleg bedrifter ynsker å delta. Meld di interesse i skjemaet under:

Webinar

Det vart i juni gjennomførast eit webinar/digitalt møte på 1,5 timar med presentasjon av konkrete moglegheiter i regionen, samt verktøy og oppgåver som dei einskilde bedriftene kunne ta med seg heim å løyse. Webinaret kan du sjå opptak av lenger nede på sida.

Workshop

I neste runde vil vi samle bedriftene fysisk på ei halvdag/heildagssamling for å arbeide vidare med oppgåvene. Målet er å identifisere minimum 2-4 konkrete verdiskapande tiltak som prosjektet vil samarbeide med bedriftene for å realisere i 2022 og 2023. Det vil verte høve å kople seg opp mot verkemiddelapparatet samt å få bidrag frå prosjektet for å realisere tiltaka.