Dagleg leiar

Akvahub søkjer ny og drivande dagleg leiar!

Dagleg leiar

Akvahub er eit utviklingsselskap innan havbruksnæringa med utspring frå Hyllestad i Ytre Sogn. Vi skal vere ein pådrivar for ei berekraftig utvikling av havbruksnæringa og bidra til lokal verdiskaping. Formålet er å tilby eigarar og samarbeidspartnarar kompetanse og nettverk innan forsking, utvikling og innovasjon med berekraft som grunnpilar. Selskapet er næringsideelt og eigarane tek ikkje utbyte, men overskot går tilbake for å styrke formålet med verksemda.

Dei siste åra har vi hatt ei sentral rolle i realisering av Bulandet Miljøfisk sitt pilotanlegg for landbasert oppdrett av laks. Vi leiar eit nordisk samarbeid som omhandlar utvikling av pilotanlegg for taredyrking, og vi har bidrege til utvikling av ei pilotordning for akvakulturutdanning i vårt nærområde. Vi har drive med integrert multitrofisk akvakultur og gjennomført fysiske og digitale samlingar og webinar inn mot lukka flytande oppdrettsteknologi, og landbasert matfiskproduksjon av laks og aure.

Vi søkjer no etter ein ny og drivande leiar som ynskjer å vidareutvikle den sterke posisjonen Akvahub har fått lokalt og regionalt!

Du vil arbeide på tvers av, og vidareutvikle desse fire områda:

  • Forsking og utvikling der du tek kunden gjennom eit løp frå forstudie til hovudprosjekt og kan bistå som utviklingsressurs i større utviklingsaktivitetar
  • Nettverksfunksjonen omhandlar å kople verksemder og fasilitere deling av kunnskap
  • Samfunnsrolla med fokus på kompetanseheving og rekruttering til havbruksnæringa
  • Ide-realisering der du bearbeidar og vidareutviklar idear som oppstår på tvers av dei andre fokusområda våre

Dette ser vi etter:

  • Du er drivande og vert trigga av det å skape lokale verdiar og resultat som både verksemder og innbyggjarar nyt godt av.
  • Du kjenner havbruksnæringa sine reelle utfordringar og moglegheiter, og forstår korleis ein må navigere verkemiddelapparatet for å realisere både små og store prosjekt.
  • Du evnar å byggje tillit til både medarbeidarar og samarbeidspartnarar og skape nye samarbeid for å løyse utfordringar.
  • Du er resultatorientert og kan vise til konkrete resultat i andre roller du har hatt.

Arbeidsstad ved vårt kontor enten Leirvik i Sogn, Marineholmen i Bergen eller etter nærare avtale.

Ta gjerne kontakt med styreleiar Rolf Risnes på mobil +47 913 43 205 for meir informasjon om stillinga.

Les meir her:

www.akvahub.no/karriere

https://www.framtidsfylket.no/

https://www.hyllestad.info/

Søknad med CV kan sendast til post@akvahub.no innan 12.august 2022.

i

Søknadsfrist

Send søknad med CV til post@akvahub.no innan 12.aug 2022!

Kontorplass etter nærare avtale!