Seaweed Symbiosis

Om prosjektet

 

  Seaweed Symbiosis er eit forprosjekt med bakgrunn i dei store velferdsutfordringane knytt til bruk av rognkjeks som rensefisk i oppdrett med laks/regnbogeaure. Forbetra velferd og overleving for rognkjeksa ved bruk av naturlege tareskjul er fokus i forprosjektet, samt koplinga mellom rognkjeksa og miljøet den lever i, ved å bytte ut den tradisjonelle plasttaren med levende, frisk tare. Dette er testa vitenskapleg ved karforsøk på Havforskningsinstituttet sin Forskningsstasjon på Austevoll, samt i Engesund Fiskeoppdrett sine egne merdar på Fitjar.

Les meir:

https://www.regionaleforskningsfond.no/vestland/tal-og-statistikk/prosjekt-som-har-fatt-stotte/

Prosjektleiing

Akvahub utarbeidde søknad til forprosjekt via RFF Vestland og har hatt ansvar for gjennomføring av prosjektet hausten 2020

Finansiering

Prosjektet er finansiert av Engesund Fiskeoppdrett og RFF Vestland.

Partnarar

Det er Engesund Fiskeoppdrett AS som er prosjekteigar i Seaweed Symbiosis. Akvahub er prosjektleiar, og også deltatt fagleg i  utarbeiding av arbeidspakkar og prosjektmål ,samt deltaking i felt på forskingsoppsett og prøvetaking. Forskingsleiar er UiB v/ Professorene Karin Pittman, Lise Øverås og Kjersti Sjøtun. I tillegg har Quantidoc AS v/Pittman stått for spesialisert prøvetakingsutstyr og analyseutstyr.