Tarelaks
Prosjektleiing
I dette prosjektet er vi prosjektleiar og har særleg ansvar for framdrift i prosjektet og koordinering med Møreforsking. Prosjektet omhandlar å dyrke tare i nærheita av oppdrettsanlegg, også kalla Integrert Multitrofisk Akvakultur (IMTA).
Praktisk utføring
I tillegg til å koordinere arbeidet opp mot Møreforsking er vi ute i felten og tek prøvar og følger opp taren. Vi har ansvar for å koordinere og utføre prøvetaking, samt monitorering av data frå miljøbøyene.
Prosjekteigar
Tarelaks er eit samarbeidsprosjekt mellom oppdrettselskapa Sulefisk AS Engesund Fiskeoppdrett AS og Osland Havbruk AS som saman har etablert selskapet Tarelaks AS som er prosjekteigar.