AKVAHUB er eit resultat av at seks ulike selskap med ambisiøse utviklingsprosjekt trengde dedikerte interne ressursar til å leie organiseringa og oppstarten av prosjekta. Desse selskapa konkluderte med at eit samarbeid om ei felles forsking- og utviklingsavdeling kunne vere løysinga for å få spesifikk tilgang på høg kompetanse når og der det var behov.

Små og mellomstore bedrifter er ofte i ressursunderskot grunna rask vekst. Tida går med til dagleg operasjonell drift og kontinuerleg rekruttering tek tid og energi. Midt oppe i dette er ein likevel avhengig av å utvikle bedrifta sine produkt, tenester og strategiar. Dette må gjerast for å unngå at konkurrentar går forbi. Står du stille som bedrift går du i praksis bakover.

Eigarane av AKVAHUB satsar no på at opprettinga av ei felles utviklingsavdeling kan vere løysinga på denne problematikken. Då vil ein ha tilgang på ein FoU-ressurs når den trengs, utan å sjølv ansette eit internt FoU-årsverk. Risiko vert spreidd på samtlege eigarar, som kun står att med ei felles oppgåve om å halde utviklingsavdelinga si i 100 % aktivitet. Ved å samarbeide om ei slik ressurs kan det lettare oppstå synergi mellom dei ulike eigarane då utviklingsavdelinga vil kunne sjå koplingar frå innsida av bedriftene.

Som dagleg leiar for AKVAHUB veit eg at dei neste åra vert krevjande, slik det alltid er for nye selskap, men vi har i vår opparbeida oss eit solid fundament for å lukkast. Trygg forankring hos eigarane og økonomisk støtte frå både Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Innovasjon Norge gjer at AKVAHUB no har hundre prosent fokus på å generere nye spennande utviklingsprosjekt på vegne av eigarane.

Her er eit utvalg:

Nedstraumprosjektet

Bulandet Miljøfisk AS har utfordra AKVAHUB til å adressere framtidige utfordringar og moglegheiter ved oppsamling og bruk av fiskeslam. Resultatet er eit forprosjekt finansiert av Innovasjon Norge saman med ei rekke kompetente partnarar.

Møteplass for teknologiutvikling

Fleire aktørar ser no på lukka oppdrettsteknologi som ei av løysingane på miljøutfordringane i næringa. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har derfor utfordra og finansiert AKVAHUB til å skape ein møteplass for desse aktørane.

Kompetanseheving

AKVAHUB skal saman med Aducate AS utføre marknadsundersøkelse for å identifisere om det er grunnlag for å utvikle digital kompetanseheving innan akvakultur med fokus på fiskehelse og biologi.

Lukka flytande anlegg

Saman med fleire aktørar ser AKVAHUB på moglegheita for å utvikle ulike lukka teknologiske løysingar gjennom samarbeid på tvers av leverandørar og oppdrettarar. Slik kan ein oppnå raskare utvikling av standardiserte løysingar.

Miljøvenleg overflatebehandling

På vegne av Finio AS utfører AKVAHUB eit forprosjektet for å innhente kunnskap vedrørande potensiell etablering av ei ny teneste innan overflatebehandling. Tenesta rettar seg mot akvakultur, shipping og offshore.

Kan ei felles utviklingsavdeling vere ei løysing for deg?

Les meir på våre heimesider og ta gjerne kontakt om du vil vite meir!

Share This