Akvahub er ei felles forsking- og utviklingsavdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa

Aktuelle prosjekt

Bulandet Miljøfisk Pilotprosjekt

Saman med anerkjende forskingsinstitutt skal Akvahub utarbeide driftsprotokoll for Bulandet Miljøfisk AS. Bulandet Miljøfisk har fått 5 konsesjonar for landbasert oppdrett av laks og aure, og Akvahub har det formelle FoU-ansvaret i pilotprosjektet. 

Forsking- og utviklingsavdeling

Akvahub er inne i ei treårig hovudprosjektfase der formålet er å etablere grunnlag for ein prosjektorganisasjon i Leirvik i Sogn. Akvahub skal bidra til verdiskaping i og mellom eksisterande og nye eigarar. 

Kompetanseheving og opplæring

Akvahub er på vegne av Aducate AS involvert i utviklinga av ein plattform for kompetanseheving innan havbruk. Behovet for auka kompetanse innan fiskhelse, biologi og drift er stadig aukande og Aducate AS ynskjer gjennom dette å bidra til betre fiskevelferd i næringa.

Kompetanseløft innen RAS-teknologi

Akvahub er prosjektleiar på vegne av NCE Seafood Innovation Cluster som held til på Marineholmen i Bergen. Prosjektet omhandlar å legge tilrette for kompetanseheving innan RAS-teknologi på VGS, fagskule og etter- og vidareutdanningsnivå.

Møteplass for lukka oppdrettsteknologi

Fleire aktørar ser på lukka oppdrettsteknologi som ei av løysingane på miljøutfordringane i næringa. Ved å dele utfordringar og samarbeide om tekniske løysingar kan utviklingsprosessen gå raskare. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har derfor utfordra og finansiert Akvahub til å skape ein møteplass for desse aktørane. Ta kontakt for meir informasjon om neste samling!

Akvahub sine fokusområder

Samfunn

Akvahub skal oppsøke og vere tilgjengeleg for nye idear, nye talent og nye initiativ innan området bærekraftig havbruk.

Partnar

Akvahub skal identifisere utviklingsmoglegheiter, kople samarbeidspartnarar og utkrystallisere konkrete prosjekt.

Prosjekt

Akvahub skal bidra med kapasitet og kompetanse inn i aktive prosjekt i form av prosjektleiing eller spesifikk fagkompetanse.

Våre Eigarar

Kva tilbyr Akvahub?

IDENTIFISERE

Akvahub skal bidra til å utløyse utviklingspotensial ved å  identifisere nyskapande moglegheiter hos eigarane sine.

ORGANISERE

Akvahub skal organisere utviklingsprosjekt på vegne av eigarane, kople dei rette partnarane og organisere prosjektfinansiering.

Z

UTFØRE

Akvahub kan leie utviklingsprosjektet eller bidra inn i prosjektet med den spisskompetansen som til ein kvar tid er tilgjengeleg.

Kontakt oss!

Her finn du oss

Leirvik Sentrum
6953 Leirvik i Sogn
og
Thormøhlensgate 41
5006 Bergen

Asbjørn D. Løland

Tlf: +47 970 86 259

Epost: asbjorn@akvahub.no

Christian H. Skår

Tlf: +47 452 26 079

Epost: christian@akvahub.no